kulturdagene01

MYE PÅ PLAKATEN:   Mykje skal skje når Kulturdagane 2018 startar i Spjelkavik kyrkje søndag. Foto: FRIDGEIR WALDERHAUG  / spjelkavika.no


Fra Maurstad til Schubert

Søndag startar Kulturdagane 2018 i Spjelkavik kyrkje. Dit kjem også Toralv Maurstad.

 



                               30.oktober 2018


baronen pageann

 

Spjelkavika.no | KULTUR: Kulturdagane i Spjelkavik kyrkje som også i år er lagt til den første veka i november, presenterer nok ein gong eit program med stor spennvidde og mange høgdepunkt.

 

facebookknapp

 

apotek1c

 

Avskjedskonsert

Avskilskonserten med Ola Eide, som går av til nyttår etter meir enn 30 aktive og produktive år som kantor i Spjelkavik kyrkje, blir sjølvsagt eit høgdepunkt som vi håper samlar fullt hus.

Den avtroppande kantoren har med seg kora i kyrkja samt eit flott orkester og gir til gode både Schuberts messe i G-dur og delar av musikalen «Sommerens Maria» av Gisle Kverndokk og Eyvind Skeie.

Men programmet byr også på mange andre flotte innslag.

 

Voxing

VOXING presenterer salmar saman med Hilde Marie Munroe Kjersem, Ålesund strykekvartett, Snorre Bjerk på perkusjon og Håvard Sveås på tangentar. Nye friske arrangement er som vanleg gjort av sistnemde.

Kristin Asbjørnsen syng spriituals, men også stoff frå plata «Traces Of You», som kom i mars 2018 og fekk strålande omtale både i Noreg og ute i Europa.

Med sterk meloditeft og poetisk lyrikk blir gitarar, vestafrikanske kora og stemmer fletta saman i eit særleg vakkert og meditativt lydlandskap. Songane kjem opphavleg frå Kristin sitt tingingsverk “Traces of You”, med framføringar mellom anna under Olavsfestdagane.

 

Levin og Maurstad

Kulturdagene innheld denne gongen to program som legg meir vekt på det verbale, og korkje Mona Levin eller Toralv Maurstad treng vel nærare presentasjon.

Mona Levin fortel historia om familien sin i programmet «Mors historie – en familiesaga», og ho har med seg  Urban Tunélls Klezmertrio som spelar jødisk tradisjonsmusikk


(Saken fortsetter under bildet):

kulturdagene04

MAURSTAD:  92 år gamle Toralv Maurstad er blant dem som kommer til Kulturdagane 2018. Her fra rolla som Peer Gynt hos Det Norske Teateret.
Foto: STIG HÅVARD FIRDAL


Den 92 år gamle Toralv Maurstad, som nettopp har hausta ovasjonar for rolla som den aldrande Peer Gynt, kjem saman med pianisten Rune Alver og presenterer programmet «Alfred + Tordis = Sant».

Dei har fått mange lovord også for denne framsyninga frå Det Norske Teateret, som fortel om korleis det var å vekse opp med skodespelarforeldra Tordis og Alfred.

I fjor hadde vi Lise Fjeldstad på programmet, og i år altså Toralv Maurstad, og begge gonger i samarbeid med seniorsentra og «Den kulturelle spaserstokken».